torsdag 19. april 2012

Utfor

Forfattar:  Sunniva Relling Berg                                                     
 
Forlag: Det Norske samlaget

År for utgjeving: 2011

Emne
Kjærleik , vennskap, familie, mobbing , utestenging


Handlingsreferat
Denne boka handler om ei jente som heiter Lea som kommer frå byen . Ho flytter ut i havgapet på ei øy med familien. Ho går i niande klasse og ho er veldig skuleflink. Ho møter ganske fort ein gut som heiter Jonas han er den nye naboen hennar. Han bur på øya med bestemora si.  Det er ikkje mange som bur på denne øya , men det er nokre ungar. Lea skjøner fort at det har skjedd noko gale på denne øya , fordi det er ingen av dei andre ungane som vil vere med Jonas. Dei prøver å få Lea til å gå i frå han og heller berre vera med dei. Ho skjøner fort at den eine guten, som heiter Mads, styrer alt på øya. Det er han som bestemmer også over søstera hans Mia. Dei går på skulen inne i byen så dei tar båt over  kvar dag. Lea får nokre gode venner inne i byen på den nye skulen, men dei vil ikkje vera med Mia. Så då vil ikkje Lea vera med dei lenger fordi ho vil ikkje såra Mia.  Dei har og ein liten butikk på øya som Kjelland driver.  Han er veldig snill med ungane.  Men til slutt finner Lea ut kva som har skjedd på øya og kvifor Mads er som han er.
    
Mi eiga vurdering:
Eg likte utruleg godt denne boka , den var veldig min smak. Den var veldig kjekk , trist , morosam og spennande. Eg klarte så vidt å legge ho i frå meg, så kjekk var ho .  Eg likte og personane som var i boka , Lea og Jonas  verka jo som dei hadde da kjempekjekt og at dei koste seg ilag. Og berre av å lese denne boka så får eg veldig lyst til å lese ei  bok til av denne forfattaren . Ho skriv veldig bra. Ho set hovudpersonane  i sentrum og den var berre heilt fantastisk. Den var veldig lett å lese og, så alle kan lese ho. Forfattaren skreiv ikkje noko vanskeleg sånn at det blir tungt å lesa . Den var jo på 206 sider . Eg fekk  svar på spørsmåla mine, men eg kunne ha likt å visst korleis det gjekk med Jonas til slutt. Slutten den var veldig bra. Det var der du fekk svar på alle spørsmåla dine. Alt kom der. Alt det eg hadde lurt på. Framsidebilete er av ein U og eit vatn med noken som dykker , eg synest ikkje dette beskreiv boka så veldig.  Den ser litt kjedeleg ut når du berre ser på framsidebilete, men den er verd å lese. Den er den beste boka eg har lese.
      
   
S.L    19.April.2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar